Du gledde meg så mykje,
Eg kan'kje gleda deg.
Det beste som eg hadde,
Var alt for smått for deg.
Men denne vesle knoppen av mitt eige rosentre,
Den skal du ha til minne om somaren og meg.

I fjor haust var den berre eit snøkvitt lite nor
djupt nedi jorda, på rota åt si mor.
Når somarsola vart so varm, då våga den seg opp,
og skaut så friske grøne blad, og slik ein blodraud topp.

Men då var høsten her, med iskald gufs frå hei og nut,
det vart for seint, so altfor seint, han fekk kje spretta ut.
So laut han døy, og vondt det var då vesle livet gjekk;
men lagnad-stålet av han skar, det finst kje råd med slikt.

Og ilska rann med livet ut i tidens djupe hav,
der lengt og liding, sorg og sut, ja alt skal gløymast av.
Og rota som den grodde på må visna bort og døy,
for alt som lever her på jord er liksom gras og høy.


Lyrics submitted by alice_in_wonderland

Til deg Lyrics as written by Mari Boine Boine

Lyrics © Sony/ATV Music Publishing LLC

Lyrics powered by LyricFind

Til Deg song meanings
Add Your Thoughts

0 Comments

sort form View by:
  • No Comments

Add your thoughts

Log in now to tell us what you think this song means.

Don’t have an account? Create an account with SongMeanings to post comments, submit lyrics, and more. It’s super easy, we promise!