Kom, sterke storm frå æverømd,
og stål min vilje, løys min streng!
Lyft åndå mi på ørneveng
og syn meg leid og dag i kjømd.

Kom storm, og alt det rotne riv!
Kom, lausmòd-rakar ifrå aust,
i bleik og herja utglødd haust
og skil alt daudt frå groført liv.

Sjusular skjote, kom du att
og blås i ville morgongry
langfarar-luren under sky
so kallande som her ei natt.

Vekk meg or dvale talm og trong,
med helsingar frå dine hav.
Lys lengsla ut, ber sorgi av,
og stem meg med din sterke song.

Stem meg til arbeid, stem meg til dåd,
fyll meg med kraft og ålvors gjerd!
Ver Herrens svige for ei verd
som rotnar utan salt og såd.

Fjorgamalt strå so skrint og bleikt
i vinglen haustblåst er eg, - kved
um alt som var og er kje med,
mitt liv er skøyrt, mitt mæle veikt.

Kom fyll meg, liv, med rus og storm!
Flød, livsens glødde vokstersaft,
og nør den eld, den dulde kraft
som sprengjer dødens stivna norm.

Bøyg meg som stormbøygd bjørk på horg,
der kvar ei blokke skjelv og syng,
og tving meg, liv, med støyt og styng
å tena deg i frygd som sorg.

Lær meg den store audmykt - bøyg
mitt mod som stormen denne stomn.
Solstormar stride, strake, kom,
mi trå som desse toppar tøyg!

Bøyg meg, men brjot meg ikkje ned.
Lær meg å stå i livsens leik
so traust som denne beiske eik,
so mjuk som vindsveigt strå på red.

Lær meg å syngja, vind på heid,
so stilt som du imillom strå
um alt det ringe, arme, grå
som unemnt levde, ukjent streid.

Som skog i storm frå jøkullfjell
syng, sjel, og kjenn deg djerv og sterk!
Eir ord kan gjera jøtulverk,
og lever endå mannen fell.


Lyrics submitted by Zadion

Song Til Stormen song meanings
Add your thoughts

No Comments

sort form View by:
  • No Comments

Add your thoughts

Log in now to tell us what you think this song means.

Don’t have an account? Create an account with SongMeanings to post comments, submit lyrics, and more. It’s super easy, we promise!

Back to top
explain